
Q&A
Antrekk
29. juli: Dress. Gjerne bunad.
28. og 30. juli: Kom som du er!
Grilling på fredagen vil føregå utandørs, så ei jakke i tilfelle regn kan bli god å ha.
Taler/innslag
For taler eller andre innslag ta kontakt med kjøgmeistrar Pål Bergset Ulvedal eller Alex Sprague (sjå kontaktinfo), som vil finne ein naturleg stad for deg i programmet.
Sidan dette er eit fleirspråkleg bryllup er det å føretrekke at taler blir haldne på engelsk, og vi ber om at ein held seg innanfor 5 min i lengde :)
Adresser
Eid kyrkje: Eidsgata 71
Skrivergaarden: Løkjavegen 184
Jektehola: parkering ved Eksersisplassen i Malakoff
Casa di Bergset: Teina 3
Bryllupsfeiringa finn stad ca 10 min køyretur frå vigsla i sentrum. Det vil difor vere ein fordel å ha tilgang til bil, men vi ordnar sjølvsagt med transport for dei som måtte trenge det, og ta gjerne kontakt med brudeparet om dette gjeld deg :)
Vi set opp transport tilbake til Eid sentrum etter nattmaten.
Transport
Barn
Vi har ordna eigen barnemeny som består av hovudrett servert samtidig med dei vaksne sin forett slik at barna er frie til å gå og leike om dei skulle ønskje det før desserten blir servert. Vi held av peisestova i hovudhuset til leikerom, og hagen blir utstyrt med kubb, boccia, frisbee og diverse andre hageleikar :)
Ikkje nøl med å ta kontakt ved spørsmål!